Tariffar for nettleige 2016
|
- Fullstendig nettariff 30.6. - 31.12.2015 (PDF, 97KB) - Fullstendig nettariff 1.1. - 30.6.2015 (PDF, 105KB) |
Utdrag av tariffane gjeldande frå 1. januar 2016
Nettleiga er det du må betale for å vera tilknytt straumnettet. Den skal dekke kostnadane både i lokalnettet, regionalnettet og sentralnettet og sikre stabil og sikker straumforsyning. Desse kostnadene er hovudsakleg knytte til investering, drift og vedlikehald, måling, fakturering, kundeservice og vaktberedskap. Finnås Kraftlag SA har vaktordning døgnet rundt, heile året og er klar til å rykkje ut om det oppstår feil. Visjonen vår er: Me e’ der når nåke skjer !
Det er NVE (Noregs vassdrag og energidirektorat) som avgjer kor mykje Finnås Kraftlag samla kan ta inn i nettleiga (inntektsramme). Tariffen er rekna ut med utgangspunkt i denne inntektsramma, deretter har ein lagt på ulike avgifter, og til slutt trekt i frå rabatten.
Privatkundar
Prisar inkl. bidrag til energifondet (ENOVA), forbruksavgift, mva. Rabatt er trekt i frå.
Kundegruppe privat |
Tariff |
Fastpris |
Energi- |
Merknad |
Vegljos og liknande | H1 |
575 kW/år | 51,25 | |
Hushald, fritidshus, naust m.m. | H4 |
2 875 | 50,38 | Maks h.sikr. 80A |
Mindre anlegg (forbruk < 1000 kWh) |
H5 | 950 | 222 | Maks h.sikr. 25A |
Næringskundar
Prisar eks. forbruksavgift og mva. Rabatt er trekt i frå. (ENOVA er innarbeidd i fastledd)
Kundegruppe næring |
Tariff |
Fast- |
Energi- |
Effekt |
Effekt |
Merknad |
Næringskundar med effektmåling |
T3 | 9800 | 16,00 | 63 | 51 | < 100kW |
42 | 31 | 100-200 kW | ||||
31 | 10 | > 200 kW | ||||
Næringskundar utan effektmåling |
T4 | 3100 | 26,01 | Maks h.sikr. 125A/230V | ||
80A/400V |
For alle tariffar:
Finnås Kraftlag tilbyr tidsdifferensierte tariffar med bindingstid på heile år (12 mnd).
Avgifter:
Forskrift om innbetaling av påslag på nettariffen til Energifondet, vert endra frå 01.01.2013. For hushaldsforbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjera 800 kr/år per målepunkt-ID. Avgifta på 800 kr er innarbeid i fastleddet på tariffen. Forbruksavgifta vert auka til 16 øre/kwh eks mva. Meirverdiavgifta er 25%.
Oppmøte- / opningsgebyr ved betalingsmisleghald
Dersom anlegg vert kopla frå pga betalingsmisleghald, må kunden dekke dei reelle kostnadene med stenginga (oppmøte-/opningsgebyr) avgrensa opp til kr 1500,- i normal arbeidstid, og kr 2500,-utanom normal arbeidstid.
Rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot :
Som kunde har du rett til å krevje utbetaling ved svært langvarige avbrot, jfr § 9A-2 i kontrollforskrifta.
Svært langvarige avbrot er definert som avbrot som varer i meir enn 12 timar, og storleiken på beløpet er:
a) Kr 600 for avbrot til og med 24 timar,
b) Kr 1.400 for avbrot over 24 timar og til og med 48 timar
c) Kr 2.700 for avbrot over 48 timar til og med 72 timar.
For avbrot ut over 72 timar skal ein gje eit tillegg på kr 1.300 for kvar nye påbegynt 24-timars periode som avbrotet varer.