Folk i arbeid Fagleg utfordrande 
Kraftnettet må tåla ver og vind, og vera i drift kvar time året gjennom. Dette set dei høgaste krav til fagleg utføring. Raske samfunnsendringar krev ei kraftforsyning med god struktur. 

Stort miljøfokus 
Det aller meste av straumen me leverer kjem frå vasskraft. Utviklinga innan andre fornybare energikjelder er spanande.  


Allsidige arbeidsoppgåver 
I storm og stilla, frå kabelgrøft til høgast i masta. Frå grov høgspentkabel til den finaste fibertråd. Frå strenge prosedyrar for høgspent til sovande vakt.  

 

 

Ettertrakta kompetanse 
Med sertifikat for høgspent og lågspentarbeid er du ettertrakta i arbeidsmarknaden.  Les meir om korleis du kan bli utdanna for energibransjen >>> (PDF, 761KB)


 

Godt arbeidsmiljø 
Teamarbeid, og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
Grei løn, vaktordning og avspasering. Arbeidstad på Bømlo, og

- du kjem heim til middag kvar dag. 

 

 

Frisk luft

- i massvis - 

 

 

 

 

Spanande utfordringar

Eg kan sjå tilbake på 20 interessante år i Finnås Kraftlag.Bilde av tilsett Johnny Rolfsnes som seier "Spanande utfordringar"

- etter 2 år på Rubbestadnes Yrkeskule var eg heldig og fekk lærlingplass her på Finnås Kraftlag. Fagprøven som energimontør tok eg etter 2,5 år.  Seinare har eg hatt mange utfordrande oppgåver som montør og montørformann i Kraftlaget.  Dei 3 siste åra har eg vore med på den store fiberutbygginga til Kraftlaget, og levering av breiband til ”heile” Bømlo.

“Ingen dagar er like, alle fulle av spanande utfordringar”

Johnny Rolfsnes
Koordinator breiband

 

Bilde av tilsett Reidar Haugland som uttalar "Kjekt å vera tilbake""Kjekt å vera tilbake"

Etter fleire år i anna verksemd er eg tilbake i Kraftlaget. Eg trivdes der eg har vore, men det er kjekt å vera tilbake.

Godt fagleg miljø og godt kameratskap er viktige faktorar når ein skal velja arbeidsplass. Friskt uteliv, gjerne med storm og uvèr gjer kraftlagskvardagen ekstra givande!”

Reidar Haugland
Energimontør

 

Bilde av tilsett Steffen Rolfsnes som uttalar "Eg har lært utruleg mykje""Eg har lært utruleg mykje"

I løpet av hausten tar eg fagprøven som el-kraftmontør, etter å ha vore tilsett som læring i 2,5 år.

Å koma rett frå skulebenken til ein kvardag fylt med nye, og for meg ukjende praktiske arbeidsoppgåver høgt i stolpane, har vore utfordrande. Samarbeidet med dei andre i Kraftlaget har gitt meg verdifull kraftproduksjon, alt basert på solid teknisk kompetanse.

"Læretida i Finnås Kraftlag har vore ei utruleg viktig tid for meg. Med "snart" montørsertifikat i lomma, er eg klar for nye utfordringar" 

Steffen Rolfsnes
lærling

 

Bilde av tilsett Rune Nesse som uttalar "Innsikt og forståing"

"Innsikt og forståing"

Heile samfunnet er avhengig av eit fungerande kraftnett og ein sikker kraftproduksjon, alt basert på solid teknisk kompetanse.

Rune Nesse