Partar utskrivne på personar som er avlidne, eller som ikkje stettar vilkåra til medlemskap.

Finnås Kraftlag har endra selskapet sine vedteker med verknad frå 22.09.2010, og er no registrert som eit samvirkeføretak, Finnås Kraftlag SA. I samband med dette vil alle som var registrert som parteigarar per 01.10.2010, og som stettar kravet til medlemskap etter nye vedteker, no verta overført til medlemer i samvirket.

Partar registrert på personar som er avlidne eller som ikkje stettar vilkåra i vedtektene, vil bli innløyste.

Dersom etterkommarar ynskjer å få desse partane innløyste, ber me om at søknad om innløysing vert sendt inn saman med naudsynt dokumentasjon på eigarskap .

Krav til dokumentasjon

Person som har partbrev som ikkje lyder på eige namn må dokumentera at han/ho no er rette eigar av partbrevet for å få utbetalt innløysings summen. Dersom partbrevet er kjøpt vil dokumentasjon på kjøpet, t.d. kjøpekontrakt, vere dokumentasjon. Dersom partbrevet er arva vert det kravd skifteattest som viser at den som har partbrevet er den som står for skiftet etter parteigaren, eller har arva partbrevet. Dersom ikkje slik dokumentasjon ligg føre, krev ein fullmakt frå alle arvingar. Den som har overtatt buet uskifta etter den parteigaren som partbrevet er utskrive til, må dokumentere dette med uskifteattest.

Finnås Kraftlag SA oppmodar alle som vil løyse inn partbrev som ikkje lyder på eige namn om å skaffe godkjent dokumentasjon og leggja dette ved søknaden. Søknader utan tilfredsstillande opplysningar eller vedlegg vert returnert.

Der det ikkje kan leggast fram annan fullgod dokumentasjon som er rettsleg haldbar for eigarskapet til partbrevet, vert ikkje partbrevet innløyst.

Frist for innløysing av partbrev er 31.12.2012. Partbrev som ikkje vert løyste inn på grunn av uklåre eigartilhøve eller manglande eigardokumentasjon, vil kunne løysast inn seinare med dei beløpa som er vedteke (dvs. utan ytterlegare renter) dersom turvande dokumentasjon vert skaffa fram.

Personar som har problem med å kunne dokumentere eigarskapet til eit partbrev vert også oppmoda til å ta kontakt med Finnås Kraftlag SA.