trefall over hus

Krav om erstatning

Me jobbar heile tida for at du skal ha ei sikker og god straumforsyning. Likevel kan det skje at straumen blir borte over kortare eller lengre tid av ulike årsaker. Skulle eit avbrot vara svært lenge, dvs meir enn 12 timar, har du krav på erstatning frå oss for dei ulempene straumstansen påfører deg.

Ulempeerstatning

Styresmaktene har definert "svært langvarige avbrot"  til å vara i meir enn 12 timar. Dei har vidare gruppert svært langvarige avbrot inn i tre kategoriar, med desse erstatningssatsane:

  • kr. 600,- for avbrot til og med 24 timer,
  • kr. 1.400,- for avbrot over 24 timer til og med 48 timer,
  • kr. 2.700,- for avbrot over 48 timer til og med 72 timer.

For avbrot ut over 72 timar skal det ytast eit tillegg på kr. 1.300 for kvar nye påbegynte tjuefiretimars periode avbrotet varer.

Kravet må fremjast til oss innan rimeleg tid etter avbrotet, helst innan 14 dagar, og kan meldast via det elektroniske skjemaet som du finn her (DOC, 39KB), eller du kan bruke dette skjemaet (PDF, 695KB) som du fyller ut og leverer til oss, enten på kontoret i Hollundsdalen eller du sender det til oss i posten.

Føresetnaden for å få erstatning er at me som nettselskap kjende til eller burde ha kjent til avbrotet.

Erstatningsplikta gjeld og fritidsbustader. For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstiga forventa innbetalt nettleige for inneværande år. Forventa innbetalt nettleige er forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet, i tillegg til fastleddet.

Nettkundane kan i enkelte tilfelle kreva erstatning som følgje av skade eller økonomisk tap som Bømlo Kraftnett AS har rettsleg ansvar for.

For at det skal føreligga erstatningsansvar må fleire vilkår væra oppfylte. Blant anna må det føreliggja ansvarsgrunnlag, det vil sei eit dokumentert økonomisk tap som kan målast i kroner, samt pårekneleg årsakssamanheng mellom feilen og den oppståtte skade.

Nettselskapa sitt erstatningsansvar er i hovudsak regulert av:

  • Energi Norges standard nettleigeavtale for hushaldskundar

  • Energi Norges standard nettleieavtale for næringskundar

     

    Vedkomande vilkår om  ansvarsgrunnlag:

    For næringskundar gjeld eit aktløyseansvar: Nettselskapet må ha opptredd  klanderverdig eller med forsett for at det skal føreligga erstatningsansvar. Det sentrale her er om nettselskapet kan lastast for tapet som har oppstått, det vil sei om nettselskapets handlemåte kan sjåast som eit markert avvik frå «normal handlemåte». Dersom nettselskapet, eller nettselskapet sine tilsette har overhaldt gjeldande reglar og forskrifter er utgangspunktet at handlemåten ikkje kan karakteriserast som aktlaust. For indirekte tap som for eksempel tapt omsetnad, må nettselskapet ha opptredd med forsett, det vil sei med vitande og vilje, for å bli erstatningsansvarleg.

    For forbrukarkundar gjeld eit kontrollansvar: Nettselskapet er ansvarleg for økonomiske tap som følgje av kontraktbrot som ligg innafor nettselskapet sin kontroll. Det vil sei at hendinga som har forårsaka skade må væra eit forhold som nettselskapet kan ha påverknad- og kontrollmoglegheit ovanfor. Skadar som oppstår som følgje av lyn og torever er i utgangspunktet utanfor nettselskapet sin kontroll, og vil i dei fleste saker ikkje gje grunnlag for erstatning. Det same gjeld for uvanleg vær (ekstremvær).

    Forhold som nettkunden sjølv svarar for/har risiko for, vil i første rekke væra feil i kunden sitt eige anlegg. Dette kan være jordfeil, defekte sikringar, skade på inntak eller liknande. I den grad slike forhold er årsaka til kunden sitt tap, føreligg det ikkje kontraktbrot frå nettselskapet si side. I samsvar med eltilsynslova med tilhøyrande forskrifter har den enkelte anleggseigar eller brukar sjølv ansvaret for at det elektriske anlegget i bustaden til ein kvar tid er i forskriftsmesseg stand og tilfredsstillande dimensjonert for bruken.

    Korleis krevje erstatning?

  1. Fremja krav til forsikringsselskapet
    Kunden vert anbefala å kontakta sitt forsikringsselskap for å få dekka sine tap. Dette gjev som regel det raskaste oppgjøret for kunden. Forsikringsselskapet har moglegheit til i ettertid å fremja regress overfor Bømlo Kraftnett AS. Regressmoglegheita gjeld også for kunden sin eigenandel.
  2. Fremja krav til nettselskapet
    Kunden må dokumentera sitt tap og legga ut for alle utgifter til eventuell taksering og innkjøp av nye gjenstandar. Det samla dokumenterte tapet må leggast fram i eit skriftleg krav til nettselskapet. Bømlo Kraftnett AS kan ikkje kan ta stilling til eit erstatningskrav per telefon.

I mange saker kan det være en krevjande prosess å kartlegga kva som er skjedd. Kundane må derfor rekna sakshandsamingstid.

Dokumentasjon av tapet
Kunden må dokumentere sitt tap med kvitteringar etc. Det er viktig at ein ikkje kvittar seg med øydelagde gjenstandar før saken er ferdig behandla, i tilfelle det skulle bli aktuelt å undersøka gjenstandane nærare.

Kunden si plikt å avgrensa skadeomfanget
Kunden har etter standard nettleigekontrakt plikt til å avgrense skadeomfanget. Dette kan væra å førebyggja tiltak og tiltak kunden i verksett etter ei skadehending. Det betyr at dersom fryseboksen vert øydelagd må ein finna andre stadar å oppbevara mat og frysevarer, og kundar som ikkje har sine anlegg under dagleg tilsyn må i verksetta nødvendige tilsynsordningar eller andre førebyggjande tiltak slik at ein unngår/avgrensar skadar. Forsømmer kunden sin tapsavgrensingsplikt, kan erstatninga bli redusert eller falla bort.

Det vil frå tid til anna kunne oppstå straumbrot. Nettkundar som er særleg avhengig av sikker og stabil straumlevering pliktar sjølv å i verksetta eigna sikringstiltak, jfr tilknytingsavtalen § 13-5.

Reklamasjonsfrist
For  å kunna ha krav på erstatning, må kunden reklamere ovanfor nettselskapet. En kunde mistar retten til å gjera gjeldande eit kontraktbrot dersom han ikkje gjer nettselskapet beskjed om kontraktbrotet «innan rimeleg tid etter at han eller ho oppdaga eller burde ha oppdaga» dette. Normalt vil det sei 2 månadar etter at han oppdaga mangelen/skaden. Kunden må reklamere innan 2 år og dersom  det er meir enn 3 år sidan skaden inntraff, kan erstatningskravet være forelda etter reglane i foreldingslova.

Klagemoglegheit
Når saka er ferdig behandla, gis det skriftleg tilbakemelding til kunden. Forbrukarkundar kan påklaga eit avslag på erstatning til Elklagenemnda. Les meir om dette på nemndas heimeside, www.elklage.no