Jostein Grindhaug, sportssjef i FKH, er invitert til å halde eit innlegg i førekant av årsmøtet.

Desse sakene ligg føre:

Sak   1  Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak   2  Godkjenning av møteboka frå årsmøte 11.mai 2016
Sak   3  Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to valobservatørar
Sak   4  Godkjenna årsmelding 2016
Sak   5  Godkjenna resultatrekneskap og balanse for 2016
Sak   6  Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak   7  Endring av godtgjersle til styret og valnemnd
Sak   8  Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnda
Sak   9  Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 10  Velja styre og styreleiar
Sak 11  Velja revisor
Sak 12  Velja valnemnd etter forslag frå styret
 

Saksdokumenta vert utlagt til gjennomsyn på Kraftlaget sitt kontor og på heimesida frå 02.05.17. Medlemmer kan få tilsendt saksdokumenta dersom ein ber om det.

Alle medlemmer vil få innkalling og sakliste tilsendt. For å lette registreringsarbeidet må innkallingsbrevet takast med på årsmøtet. Ynskjer du å gje frå deg fullmakt til andre må du fylla ut og signere på skjemaet nedst på innkallinga.

Alle medlemmer vert med dette innkalla til møtet.

For styret i Finnås Kraftlag SA
Torleiv Fylkesnes
Styreleiar